• JonasH

Race-rapport Sjutoppsturen 2019

Oppdatert: 4. mai 2019

I år som i fjor gjekk årets første biltur til eit stiløp til den vesle øya som ligg nesten så langt sør og vest du kan komme deg i Møre og Romsdal. Sandsøya heiter ho og har ikkje meir enn 200 innbyggjarar. Dermed er det imponerande at dei har arrangert Sjutoppsturen kvar langfredag sidan 2005! Hovudsakleg er dette ein populær gåtur og familietradisjon for mange, og dei siste åra har det verkeleg blitt eit populært tilbod for mange. I år deltok intet mindre enn 864 personar på turen(!), derav ca. 50 personar i konkurranseklassa. Det er imponerande at eit så lite lokalsamfunn får i gong dette arrangementet kvart år, spesielt sidan arrangøren står for all logistikken med båttransport til og frå øya!


Ut frå start. Foto: Jan Petter Venøy

På grunn av båttransporten og mykje kø visste eg at eg måtte berekne god tid. Spesielt sidan eg måtte vere klar til eit konkret tidspunkt. For eg er (sjølvsagt) ein av desse tullingane som ikkje nøyer seg med ein fjelltur i seg sjølv. Ein av dei som stiller seg på ein startstrek gong etter gong, fullt klar over at nærmaste framtid kjem til å by på smerte, utmattelse og opplevingar langt utanfor komfortsona. Etter venting, førebuingar og litt stress for å kome fram i tide stod eg på startstreken. Skolissene var knytta, gelsa låg i drikkevesten og kortshortsen var på. I år var det truleg 15 grader varmare enn fjorårets stusselege 4 varmegrader. Det er alltid nervepirrande å delta på løp ein har deltatt på tidlegare: "Vil eg slå tida mi frå i fjor? Har eg trent betre i år? Har innsatsen eg har lagt ned vore verdt det? Kva taktikk bruker konkurrentane i år? Korleis er løypeforholda no?" Medan eg venta på startsignalet såg eg rundt meg etter sterke konkurrentar. På høgre side stod fjorårets 2. plass, Marcus Megrund, medan på venstre side stod Eirik Voksøy Bringsvor, den lokale helten, løyperekordholdar og vinnar av Sjutoppsturen dei fem siste åra. Eg har konkurrert mot disse to fleire gongar tidlegare. Kanskje kunne eg ta opp kampen med dei i år? I fjor møtte eg til start kort tid etter 5,5 månedar på Disippeltreningsskule med YWAM i utlandet. Nærmare bestemt 3 månedar i New Zealand etterfulgt av 2 månedar i Papua Ny-Guinea og nokre veker i Australia. Med andre ord: treningsgrunnlaget var ikkje i nærheten av årets innsats. Eg burde sette ny personleg rekord i år!


Høgdeprofil Sjutoppsturen. Totalt 15 km og 1000 høgdemeter.

Som venta vart det ein rask start på dei 2 første kilometerane, som går på bilveg. "Får utnytte meg av asfalten medan eg kan." forklarte Marcus før han ga på. Eirik hang seg på. Før vi tok av til stien hadde dei ei luke på 10 sekund. "Uff, dette blir tungt." tenkte eg, men eg visste eg ikkje kunne la dei komme ut av syne dersom eg skulle ha ein sjanse. Heldigvis henta eg inn igjen luka så snart første motbakke begynte. "Voldsomt til tempo!" Braut Marcus ut. "Er det?" Tenkte eg og kjente meg litt meir sjølvsikker. Straks vi var på første og andre topp, gjekk det raskt ned igjen. Svært raskt. Marcus og Eirik fekk på ny ei luke i nedoverbakken og på den flate asfalten. Før neste stigning kunne eg hente krefter og energi frå oppmuntrande kommentarar frå tilskodarar og turgåarar langs løypa, blant anna familien min. I likheit med første stigning henta eg raskt inn luka til dei to konkurrentane straks motbakken kom. Dette lova bra med tanke på at løpets siste stigning er svært bratt. Stigninga vi var i no er løpets lengste og eg visste det var ein stor fordel for meg om eg hadde ei luke før neste nedoverbakke. Etter å ligge hakk i hæl med dei to eit stykke oppover fjellet la eg meg i front. Eg prøvde å få eit lite forsprang til toppen, men Eirik hang på. Eg rakk ikkje springe langt nedover før han flaug forbi. "Okey, nå skal eg berre følge i fotspora hans" tenkte eg for meg sjølv, medan eg gønna på det eg kunne. Eg kjente vinden blafra i håret, augekroken fylte seg med vatn og føtene gjekk som trommestikker ned fjellsida. Eg låg heilt på grensa. "Kven veit kor gale det går om du går om du tråkker feil no, Jonas?" var ein tanke som dukka opp i hovudet mitt. "Men det skal eg ikkje gjere," var neste. Med jamne mellomrop måtte eg utbryte: "Hei-Hei-Hei!" for å åtvare turgåarane i løypa. Dei fekk det travelt med å komme seg ut av stien i tide for å unngå kollisjon med dei to karane som kom rasande ned fjellsida. Til tross for at eg hadde fartsfølelsen inne fekk Eirik større og større forsprang. Eg var ikkje i nærheten av farta han hadde nedover. Det var tydeleg at han var på heimebane.


På veg opp til topp nummer 2. Foto: Sandsøy Idrettslag

Til tross for at vi raskt kom til ein ny motbakke var forspranget var for stort til at eg kunne hente han inn før toppen var nådd. Eg snudde meg , og kunne ikkje sjå Marcus lengre. Eg innsåg at kampen om sigeren stod mellom meg og den lokale helten frå Sandsøya. Vi passerte 11 km og han hadde framleis ei luke på opp 30-40sek. "Er ikkje denne luka litt for stor til å hente inn igjen på ei stigning? I tillegg må eg ha eit solid forsprang før siste nedoverbakke!" var tanker som surra i hovudet. Men samtidig kan ein aldri gi opp i eit fjelløp, kven veit om nokon møter veggen eller om syra tar dei siste stigning? Eg slengte i meg den siste Maurten-gelen eg hadde. Nå var det berre 3 km igjen, og det var like før eg kom til løypas brattaste stigning. Eg kjente at eg hadde meir å gi. Før stigninga begynte for alvor sprang vi nokre hundre meter på asfalt. Her var også løypas siste drikkestasjon. Varmt som det var helte eg med glede eit glas med vatn over hovudet. Eg kjente korleis vatnet rann nedover hovudet og ryggen og delte ein forfriskande, kjølig temperatur med kroppen. I det eg drog handa gjennom håret for å få den våte luggen vekk frå ansiktet hørte eg eit voldsomt heiarop. Eg la merke til broren min som sprang ved sida av meg på vegen og brølte: "Kom igjen Jonas! Du kan klare det! Du klarer det!" nærmest like entusiastisk som Løfshus på VM i Seefeld. "For en champ!" tenkte eg om broren min før eg retta blikket framover. Luka til Eirik var nesten henta inn igjen no! Eg kom faktisk til å ligge i ryggen hans før stigninga byrja for alvor! Straks sjansen bød seg smatt eg forbi på den smale stien. "No er det alvor! No må eg berre kjøre på!" tenkte eg og gav på det eg kunne. Plutselig var eg godt foran. På veg oppover kunne eg hente oppmuntrande kommentarar som: "Endeleg nokon som tek Bringsvor!" eller "Du har dette! Du har god luke!" Og luke det hadde eg, men var det nok til siste nedoverbakke? Eg snudde meg eit par gongar dei siste 5 minutta før mållinja var nådd, og eg såg ingen bak meg. Endeleg kunne eg føle meg sikker på siger! Det var ein god følelse å kome i mål på tida: 1:27:17, nesten 5 minutt bak løyperekorden. Eg er nøgd med å starte sesongen med personleg rekord, fordele kreftene på den måten eg gjorde og kunne ta med seg litt ekstra sjølvtillit til neste løp. Men Eiriks løyperekord frå 2018, den er sterk!


Målsone. Foto: Jan Petter Venøy

222 visninger

CONTACT ME

  • Facebook - Hvit Circle
  • Svart Instagram Ikon

©2018 BY JONAS HESTHAUG

SOCIAL MEDIA