• JonasH

Transvulcania 2019

Det gjekk ikkje lang tid etter siste løp i fjor før eg byrja å sjå fram til neste års sesong. Vi var ikkje komen til desember ein gong før eg lengra etter lysare dagar og varmare temperaturar. Vinter og ski er for all del fantastisk og tilfredsstillande på sin måte. Alt er på ein måte mykje meir "reint" om vinteren. På fine dagar er alt kvitt og feilfritt. Uheldigvis er det slik at nesten kvar topptur på vinteren inneheld eitt eller anna slags form for ubehag. Det kan f.eks. vere kulde, skiftande vær, varierande snøforhold eller klabbing på skia. Dessutan krev ein topptur på vinteren meir planlegging og utstyr enn på sommaren. På vinteren må du pakke med deg ski, feller, hjelm, ekstra jakke, sender/mottaker, søkestang, spade ++ (avhengig av turen). I tillegg er det viktig å oppdatere seg på værvarselet, skredfare og bratthetsgrad før turen startar. Dessutan må ein også fortsette å gjere desse vurderingane underveis på turen også! Ein må alltid vere på vakt. På sommaren er det berre å slenge på seg shortsen, løpevesten og sko - and then you're good to go! I tillegg er det mindre ukontrollerbart ubehag. Det som sett grenser for kvar ein kan gå er som regel ikkje medbrakt utstyr, berre din eigen fysikk. På den måten blir det også lettare å finne motivasjon til å trene om sommaren. Så eg visste at dersom eg skulle halde treningslysta oppe gjennom vinteren måtte eg ha eit mål. Eg meldte meg på Transvulcania.

Ein 3D-print av La Palma som Hans Kristian laga i forkant av løpet! Genial måte å visualisere løypa på! Løypa starta i spissen nederst og fulgte heile den store fjellryggen oppover og ned til havnivå mot slutten. Foto: Hans Kristian Smedsrød

Transvulcania er eit 74 km langt ultraløp med 4300 høgdemeter. I likheit med mitt første stiløp i år så sprang vi også over ei heil øy på dette løpet. Forskjellen er at La Palma er vesentleg større enn Sandsøya og har mykje høgare fjell! Øya er den vestlegaste av Kanariøyene og heiter La Palma. Med tanke på størrelsen på arrangementet må Transvulcania vere årets høgdepunkt for dei lokale! Transvulcania er nemleg med i verdenscupen i Skyrunning, og i år var det det eit SuperSkyrace! For å gjere det godt i verdenscupen samanlagt må ein samle saman poeng basert på plasseringa over mållinja. Eit Superskyrace gir dobbelt så mykje poeng enn eit vanleg Skyrace. Det vil seie at f.eks. ein 20. plass Transvulcania gjev like mange poeng som ein 10. Plass i eit vanleg Skyrace. Og som om at det ikkje er hard nok konkurranse i eit internasjonalt Skyrace så er det sjølvsagt endå fleire deltakande eliteutøvarar i eit Superskyrace! Sjølv utan eliteutøvarane er dette ein stor happening på La Palma. Berre på ultraløpet var det 2000 påmeldte! I tillegg vart det arrangert maraton, halvmaraton og motbakkeløp same helga! Det var rett og slett ein folkefest uten like!


Så... la oss kome oss til sjølve løpsdagen. Eg og Hans Kristian Smedsrød, som eg reiste med, stod opp grytidlig... eller kanskje det er så tidlig at det blir seint i staden? Uansett, vi vakna litt før 02:30 og åt den klassiske race-day frokosten før vi satte oss i bilen til busstasjonen i Los Llanos. Derifrå tok vi ein buss til start. Ein kunne verkeleg kjenne på atmosfæren i bussen at det var mange spente folk. Og det var nok ein del som fekk same tanke som meg: "Denne bussturen tar aldri slutt! Og vi skal SPRINGE endå lengre!"  Los Llanos var nemleg meir enn berre ein busstasjon, det er også der mållinja for Transvulcania ligg. På førehand hadde eg trudd at eg kom til å vere meir nervøs i løpet av bussturen. Men sidan eg hadde vore med i eit par ultraløp før og eg hadde trent bra gjennom vinteren var eg meir roleg og sjølvsikker i møte med Transvulcania. Det var hovudsakleg to spørsmål eg uroa meg over. Nummer 1 var: "Korleis vil det egentlig gå med leggen min? Vil smerta bli verre og føre til at dette blir min første DNF? (DNF = Did Not Finish)" Dei 10 siste dagane i forkant av løpet hadde eg nemleg kjent på ein del småvondter i leggmuskulaturen i høgre fot. Problemet kom truleg av stram og overspent muskulatur både under foten og i ankelområdet. Det var skikkelig kjipt å plutseleg kjenne på ein skade rett før sesongens første A-race sidan eg hadde vore skadefri gjennom heile vinteren. Men det er klassisk og veldig normalt. Dessuten blir ein nesten "hypersensitiv" i forkant av løp. Ein ønsker så mykje at kroppen skal fungere optimalt at ein går og tenker på det heile tida. Dersom ein då kjenner noko småtteri er det lett å tenke på det så mykje at det faktisk blir et problem. Det er fascinerande korleis tankar og kroppen heng saman. Uansett så var eg i den situasjonen no at eg kjente på små issues. 2 veker før Transvulcania hadde eg aldri vore med naprapat før, men eg tok meg to timar innom naprapatbenken siste veka før racet, i håp om å få muskulaturen til å slappe av og bli som normal. Likevel satt eg der i bussen og kunne framleis kjenne på små issues i leggen. Det var verst i nedoverbakkar så eg beroliga meg med at eg fekk god tid til å kjenne på det i løpet av dei første 16km som gjekk oppover. Dessutan var det godt å ha med seg vissheten om at venar heime i Norge sa at dei skulle be for at foten min ikkje skulle vere eit problem. Og sjølv om Gud har viktigare ting å ordne opp i enn ein liten nordmanns små fot-issues så er det det som er så fantastisk med Gud: Fordi Han er som en far og elsker kvart enkelt menneske så bryr Han seg også om dei små og store tinga i livet. Berre tenk på alle dei gode (men unødvendige) tinga foreldre gjer for deira born, rett og slett ut av kjærleik! Slik er det med Gud også. Så eg valgte å gå (eller springe) i tru på at det ville gå fint med foten min.


Eg og Hans Kristian ved El Pilar på ein liten løypesjekk dagen før dagen

Den andre uroande tanken var: "Kor hardt må eg gå ut frå start for å få ein god posisjon?" Altså, av nesten 2000 påmeldte så er det sikkert rundt halvparten som eitt mål dei første kilometerane: Kome seg lengst mogleg fram i feltet før den smale stien byrjar. Energikostnaden av å passere ein person på ein smal sanddekt sti kan ikkje samanliknast med å jogge forbi ein person på asfalten. Og tru meg: Energi er noko du ikkje vil kaste vekk i løpet av Transvulcania. Så eg måtte altså få ein så god start som mogleg. Difor førebudde eg meg på å gå tidleg til startlinja og vente der lenge slik at eg kunne få ein super start.

Ein fornøgd kar som fekk privilegie av å vere ein av dei 100 første over startlinja

Omsider var bussturen over. Klokka hadde nok ikkje passert 04:30 endå, så det var framleis bekmørkt ute. Over oss kunne vi kvile auga på ein fantastisk klar og stille stjernehimmel. Stemninga på bakkenivå var ikkje like beroligande. Til tross for at vi alle var oppe før hanen gol så var det fullt liv i startområdet. Det var sett opp store høgtalarar som slengte ut techno-musikk over heile plassen. Elles kunne ein sjå mange nervøse blikk og lange dokøer. Plutseleg hadde dei opna adgangen til startlinja. "No må eg vere rask for å få meg ein god plass" tenkte eg. Då eg vart sluppen gjennom kontrollen for obligatorisk utstyr såg eg at eg var seinare ute enn eg hadde håpt. Eg småjogga ned mot startlinja for å knabbe til meg eit par plassar lengre framme i køa. Det var då eg fekk dagens første høgdepunkt. Ein av arrangørane som stod langs startlinja gjekk rett mot meg, peikte på meg og sa med spansk aksent: "Elite! Elite!" Eg rakk ikkje å seie noko før han hadde tatt meg med til neste person, og vipps så slapp han meg inn i eliteområdet ved startlinja! "Jess!" tenkte eg. For ein super overraskelse! No ville eg truleg vere ein av dei 50 første ut frå start i staden for å vere mellom nummer 400-1000! Det var ein uventa start på dagen, men for ein velsignelse! Etter kvart som klokka nærma seg 06:00 fylte elitefeltet seg stadig meir opp. Det var ein surrealistisk følelse å stå side om side med fleire av personane som eg berre for eit par år sidan såg på som heilt umenneskelege. No skulle faktisk eg ta opp kampen med dei! What!? Men dette gav meg heldigvis berre endå meir motivasjon: "Idag har eg verkeleg moglegheit til å vise kva eg er god for! Let's do this!"


På den svarte fjellveggen til venstre for oss var det projisert eit stort lysbilete med nedtelling til start. Dei 10 siste sekunda før start var elektriske. Den spanske speakeren ropte høgare og meir entusiastisk enn tidligare, folk bøyde seg framover i løpeposisjon og alle hodelyktene vart skrudd på. Det var ikkje det einaste som skrudde seg på. Eg kunne merka at fokuset og konsentrasjonen var mykje meir skjerpa enn tidlegare. Det var ei oppgåve som var i hovudet på meg no: Komme meg i best mogleg posisjon i løpet av første kilometer. Det gjekk eigentleg lettare enn forventa. Sidan eg allereie stod i elitefeltet frå start krydde det av løpera eg kjente igjen som eg visste ville gjere det bra. Det var rett og slett velge en rygg blant eliten og henge seg på. Det gjekk ikkje lang tid før det var ei luke mellom eliteløperane og dei andre. Etter nokre raske kilometer oppover på asfalt kom vi brått inn på ein smal sti. No slanka elitefeltet seg frå å vere 3 og 3 i breidda til å springe ein og ein i kø etter kvarandre. Feltet sprakk opp og delte seg inn i ulike grupper ganske raskt. Eg hadde ikkje ambisjon om å vinne dette løpet så eg kjørte mitt eige tempo og hang på i ei gruppe som passa meg eit stykke. Eg trengte ikkje snu meg for å sjekke posisjonen min. Eg visste at eg låg bra an basert på dei andre personane som låg i same gruppe som meg. Det var personar som Jonathan Albon og Marco De Gasperi. Dessutan hadde vi eit tempo som var høgare enn gruppa som låg foran oss. Ingen grunn til bekymring.



Høgdeprofilen i form av ei midlertidig tatovering på Hans Kristians arm.

Etter cirka 45 minutt nådde vi første drikkestasjon, som låg i landsbyen Los Canarios. Det vil seie at klokka no var 06:45. Likevel var heile byen oppe! Og for eit liv! Det var tydeleg at lokalbefolkninga ikkje hadde stått opp for å sjå på, men dei hadde stått opp for å heie! Eg hadde allereie det eg trengte av energidrikk så her var det berre å stoppe et par sekund for å drikke litt før ferda gjekk vidare. No kom vi inn i ein skikkelig seig del av løypa. Bakken var dekka med svart vulkansk sand, stigninga varierte mellom slakk, bratt og flatt og tempoet var høgt. Eg følte meg framleis svært bra. Etter litt tok eg igjen både Hans Kristian og svensken Andre Jonsson. Jonsson har blant anna tidlegare tatt sølvmedalje i VM i Skyrace så eg visste han var sterk. Samtidig visste eg at han var plaga med skader i det siste så det var vanskeleg å forustjå korleis han ville gjere det i dagens løp. Vi sprang i ei gruppe oppover fjellsida. Det vart stadig lysare etter kvart som vi jobba oss oppover. Plutseleg såg eg at Jonsson satt på huk med buksa nede RETT VED stien. Eg fekk eit syn eg gjerne kunne vore uten. Men slik er ultraløp, alt kan skje og alt skjer. Eg og Hans Kristian fekk nokre minutt der jogga for oss sjølve. Hans Kristian går for topp 10 i kvart skyrace han er med i, og er meir erfaren enn meg. "Sidan eg no er rett bak han vil jo det bety at eg ligg svært godt an" tenkte eg for meg sjølv. I same augeblikk kunne vi kjenne dagens første solstrålar treffe huda vår. Til høgre kunne vi skue ut over ein storslagen soloppgang over Tenerife. "Woow!" glapp ut av munnen min,"Skaperverket ass!" ropte Hans Kristian bak til meg. "Du sa noko der Hans Kristian" tenkte eg for meg sjølv. Etter ei lita stund smatt ein veltrent kropp forbi meg på stien. Det var ingen ringare enn ein tidlegare verdsmeistar i fjellultra og 100km, nemleg amerikanaren Max King! "Rått!" tenkte eg! Hans Kristian, King og meg jobba eit stykke i lag i den endelause sandbakken før dei to stakk i frå. Ingen vits i å sprenge seg heilt så tidleg i løpet, eg hadde tross alt over 50 km igjen.

Då vi nesten var på toppen kunne eg fylle flaska på ein drikkestasjon før det bar nedover. Eg sprang no heilt åleine og holdt litt igjen. Naprapattimane den siste veka låg i bakhovudet. Det var ikkje verdt å gå all in i første downhill og risikere ein skade slik at eg måtte bryte løpet.


Ein norsk sandwich rundt den meritterte løparen Max King. Foto: Salomon Running

Eg kom meg like heil til El Pilar. Dette var ein stor drikke og matstasjon. Det er også her starten for Transvulcania Maraton går. Eg var så heldig at foreldra mine var med til La Palma og her stod dei klare med ekstra energigels og drikke. No var også sola oppe så eg tenkte det var på tide å begynne med nedkjøling av kroppen. Denne dagen kom til å bli varm så det var viktig å kjøle seg ned. Eg slengte eit par koppar vatn over hovudet og på capsen. Medan eg gjorde det kunne eg høyre litt latter og forbausa skrik rundt meg. Dette var tydlegvis populært blant tilskodarane sidan eg var den første passerande som hadde gjort dette i El Pilar.


Neste del av løypa var flat på "traktorveg". Det var svært lettløpt, men sidan det er i motbakkane ein bruker lengst tid tenkte eg at eg skulle spare krefter til eg var der. Likevel tok eg igjen Ruy Ueda, han hadde tydlegvis opna alt for hardt og fått mageproblemer.


Etter 31km begynte neste stigning. No var det 11 km til neste drikkestasjon og over 600 høgdemeter stigning. Dette vart den tyngste delen på løypa for meg. Strekninga gjekk på fin sti, men var prega av "sugestigninger". Altså litt for bratt til å springe, men litt for slake til å kunne gå effektivt. Sidan eg aldri klarte heilt å finne flyten og gjekk inn i ein tung psykisk periode, gjekk det treigt og fleire tok meg igjen. Eg vart til og med "chicked", altså ei dame tok meg igjen. Faktisk var det ikkje berre ei men to! Heldigvis var det to av verdas beste så eg trøsta meg med det. Negative tanker som: "Shit ass Jonas, du sparte jo krefter nettopp for å ha energi til denne strekninga! Likevel har du rota det til no! Du har starta alt for hardt! No kjem alle dei erfarne og tek deg igjen! Du er berre halvvegs og allereie er du sliten!?" surra i hovudet. Likevel kunne prøvde eg å tenke meir positivt som: "No er du sliten, det er no det verkeleg byrjar! Alle har tunge periodar i løpet av ein ultra, den som takler det best er den sterkaste! Gjer coachen din stolt Jonas!" Eg fekk ein liten psykisk boost då eg klarte å auke forspranget til nokon som nesten tok meg igjen. Kanskje det ikkje gjekk så dårleg likevel?

Etter det som føltes som ein halv evigheit kom vi til neste drikkestasjon. Og like etter kom ei bratt stigning i opent terreng. Fordelen med slikt terreng er at det er lett å sjå andre personar foran deg sjølv om dei kanskje er komen fleire minutt lengre ut i løypa. Eg kunne no skimte ein person med svart shorts, kvit trøye og kvit caps. Kunne det vere Hans Kristian? Eg tok ein ekstra sjekk og eg var no sikker: Det var han! Eg trudde han hadde økt forspranget heilt sidan han stakk ifrå meg saman med Max King! Men plutseleg var han innen rekkevidde igjen. Alt kan skje i ein ultra, og alt skjer i ein ultra. Eg fekk blod på tann og innsåg at med det tempoet eg hadde no ville eg ta han igjen. For ein boost! Vi sprang no på ein fjellrygg høgt over havet. Terrenget her var svært tørt fjellandskap og mellom beina våre pilte ei firfisle i ny og ne. Løypa gjekk både opp og ned på dette tidspunktet og dei fleste tenkte nok på: "Kva tid når vi den siste toppen?" Likevel følte eg hadde eg hadde ein bra flyt og eg passerte nokre personar som tidlegare hadde løpt forbi meg. Det er svært vanskeleg å førestille seg kor mykje humøret og fartsfølelsen kan svinge i løpet av ein ultra. I eine augeblikket har du aldri følt deg verre, i neste er du superfresh. Rett før vi nådde det høgaste punktet tok eg også igjen Hans Kristian. Han sendte meg det typiske spørsmålet ein stiller konkurrenter i race: "Korleis føler du deg?" Sidan det er frekt å ikkje svare kan det vere lurt å tenkje over kva ein svarer. Dersom du avslører svakheit kan dette gje ein boost til motstandaren. Samtidig er det tydeleg på kroppsspråket at ein som regel lyg om ein svarer: "Dette går kjempebra! Eg har enormt med energi!" Dessutan vil ein berre lure seg sjølv med å la eit slikt svar passere tunga. "Standard ultra" var svaret eg kom meg til Hans Kristian. Dette var eit ærleg svar og eg kunne tenkje meg at Hans Kristian ville skjønne kva eg meinte med det sidan han truleg tenkte på det same. Ultra er smerte og ein fullfører ikkje eit ultra utanom.


Når ein deltar i eit ultraløp må ein rekne med å springe stoler delar åleine. Her på veg opp første stigning. Foto: Ian Corless

Eg la meg i front etter drikkestasjonen på Roque de los Mucachos, løypas høgste punkt. Her har dei også eit svært stjerneobservatorium! Det må vere fantastisk å besøke på stjerneklare netter! Som på resten av drikkestasjonane kjølte eg ned kroppen ved å væte capsen og hovudet ved å skylle vatn over kroppen. Dette var alltid eit høgdepunktet mellom all smerta eit ultraløp tilbyr. Etter dette kom vi straks til tidenes tyngste downhill. Oppgåva som låg foran oss no var å komme oss frå 2420 moh til havnivå på 18 kilometer. Det vart 18 svært smertefulle kilometer. Eg kjente at eg ikkje burde sleppe meg heilt laus på grunn av den litt trøblete leggen min. Kva om eg ødela den heilt i løpet av denne nedoverbakken slik at eg ikkje klarte å gå dei fem siste kilometerane til mål etter havnivå var nådd? Det førte til at eg måtte sette endå meir av min lit til venstre fot. Og sidan eg ikkje kunne sleppe meg heilt laus måtte eg også bremse meir. Det er svært tungt for muskulaturen å bremse i nedoverbakke, spesielt når den er så lang. Nedoverbakken var ikkje særleg artig eller teknisk heller. Det var rett og slett berre pur smerte. For kvar gong beina mine traff bakken hylte låra mine i smerte. Det var ingenting eg ønska meg meir enn å berre komme meg ned frå dette endelaust lange fjellet. Eit lite lyspunkt var då eit par personar tok meg igjen men eg klarte å bite tenna saman slik at eg klarte å halde tempoet deira. Likevel føltes kvar kilometer endelaus! Og som regel går kilometerane i nedoverbakke utan at eg tenkjer over det! Eg ville spare litt krefter til eg var ved havnivå sidan det då gjennstod ei siste klatring på 300 høgdemeter i løpet av 5 km før mål. Her kunne nokre konkurrentar gå på ein smell tenkte eg. Etter litt knall og fall på stien ned til havet fokuserte eg på å sette den eine foten foran den andre. Dei siste 200 høgdemeterane nedover går sikk-sakk nedover ei bratt fjellside. Så bratt at du ser rett ned i Tazacorte, som ligg rett over havet. Denne sikk-sakk stien er verkeleg spesiell. Både fordi den er spektakulært bygd, men også for ein kan høyre stemninga i byen lenge før ein er der. Eg kom meg omsider til Tazacorte. Denne byen overgjekk Los Canarios i stemningsvolum! Her stod det drøssevis av ungar langs løypa som var desperate etter å ta en high-five med løperane. Her var løparane like populære som ein russ på ein barneskule! Eg fekk meg ein etterlengta dusj frå vassdunken og energi frå frukt dei hadde på matstasjonen. No var det berre fem kilometer igjen!


Dei par første gjenståande kilometerane gjekk relativt flatt gjennom ei varm og tørr ravine. Eg såg ingen verken foran eller bak meg. No var det berre å sikre seg posisjonen eg var i inn til mål. Likevel hadde eg ei tøff utfordring igjen: 300 grusomme høgdemeter opp til Los Llanos. Det gjekk oppover på brustein og bilveg. Det var eigentelg ikkje så bratt, så vanlegvis hadde eg lett sprunge opp her. Problemet var berre at eg hadde allereie 70 kilometer og ein downhill på størrelse med Galdhøpiggen i beina. Eg var heilt kake. Pulsen flaug opp sjølv om eg berre tusla oppover i gåtempo! "Er det mulig!? Kom igjen Jonas!?" tenkte eg. Eg responderte med å veksle mellom å late som eg sprang 20 steg før eg gjekk dei 20 neste. I etterkant angrer eg på at eg ikkje gav meir på i løpet av den siste nedoverbakken. Sidan beina mine vart så øydelagt som dei var opp siste stigning kunne det nesten ikkje gått saktare følte eg. For ein glede det var å nå Los Llanos! Eg kom inn på ei gate som ligna ei flystripe i lengde og beinhet. Langt der borte kunne eg sjå mållinja! "Jaaaa! Endeleg!" jubla eg inne i meg. Det å juble høgt trengte eg ikkje gjere for det gjorde allereie heile byen. Om eg ikkje hadde følt meg som ein helt tidlegare gjorde eg det vertfall no. Eg tok ny rekord i antall personar eg har high-fivet i løpet av 5 minutt, og jubelropa deira gjorde at den lange gata føltes litt kortare. Likevel var eg sliten at sjølv ein high-five føltes som ein person som dytta meg eit halvt steg i motsatt retning. Som alltid kom den elleville mestringsfølelsen ein får ved å krysse mållinja i ein ultra. Uavhegig av resultat føler ein seg som ein helt på grunn av alle utfordringane ein møter underveis. Straks kom Hans Kristian bort til meg og kunne gi meg den gode nyheten: Topp 20! "Eg kom på 20. plass i eit Superskyrace! Unreal!" tenkte eg. Eg var svært nøgd med resultatet, men nesten like nøgd med å ha funne ein ernæringsstrategi som fungerte i løpet av heile dagen. Eg hadde verken hatt problem med mage eller svimmelheit i løpet av heile dagen. Det lover svært godt for komande løp! Og gav opplevelsen meirsmak? Definitvt.

Ein fornøgd ung mann som endeleg kunne chille etter ein lang dag.

PS: Gjerne følg og støtt podcasten til Hans Kristian Smedsrød på Patreon, iTunes eller Spotify! Den heiter Nå er det alvor og har bra innhold om løping og mykje anna!

148 visninger1 kommentar

CONTACT ME

  • Facebook - Hvit Circle
  • Svart Instagram Ikon

©2018 BY JONAS HESTHAUG

SOCIAL MEDIA